Hopp til innhaldet
KAFFIKNUT

Personvern

Utkast. Denne teksten er ikkje endeleg kontrollert.

Behandlingsansvarleg

Kaffiknut, Salvågergata 6, 4006 Stavanger, org.nr. 925 224 812, er ansvarleg for personopplysningane som blir behandla her. Kontakt: [email protected].

Kva vi lagrar, og kvifor

  • Kjøp: namn, kontaktopplysningar, leveringsadresse og ordreopplysningar, for å levere varene og oppfylle kjøpsavtalen. Rekneskapsmateriale blir oppbevart så lenge bokføringsreglane krev.
  • Venteliste: namn, telefon, eventuell e-post og kor mange kalendrar du ønskjer. Du sender dette til oss på e-post, og vi brukar det til å ta kontakt viss vi lagar fleire.
  • Kontakt: det du sjølv skriv når du kontaktar oss på e-post eller telefon.

Kven vi deler opplysningar med

  • Betaling med kort eller Vipps blir behandla av betalingstenesta som gjennomfører betalinga.
  • Cloudflare leverer nettsida.
  • Google Fonts leverer skriftene på sida. Nettlesaren din hentar dei frå Google, som då ser IP-adressa di.

Cookies

Nettsida vår set ikkje eigne cookies og brukar ikkje analyseverktøy.

Rettane dine

Du kan be om innsyn, retting og sletting, og du kan klage til Datatilsynet. Ta kontakt på [email protected].